Jan 23, 2018

Kva skjer med TiSA-avtalen?


Dette er et innlegg av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.

Faren er ikkje over.

Som mange veit er den norske regjeringa ivrig tilhengar av den kontroversielle frihandelsavtalen for tenester TiSA. Ein avtale som sterkt vil redusere nasjonalt politisk handlingsrom gjennom å opne opp landegrensene for dei sterkaste internasjonale aktørane på denne marknaden.

Særleg etter at president Trump spreidde kaos også i forhandlingane både om TiSA og om andre handelsavtalar, kan det vere at enkelte trur at faren er over når det gjeld den avtalen.

Men vi kan vere sikre på ein ting: Faren for at TiSA (Trade in Services Agreement), eller liknande avtalar, blir vedtekne, vil aldri gå over. Dertil er interessekonflikten, mellom dei som vil tene på TiSA og dei som vil tape på slike avtalar, for kronisk. Kampen mot dei udemokratiske kreftene som vil ha slike avtalar, kan aldri vinnast ein gong for alle. Men vi kan derfor heller ikkje tillate oss å gi opp ein slik kamp. Det er dramatisk viktig å ha ein tilstrekkeleg styrkebalanse mellom desse motstridande interessene, sjølv om det ikkje akkurat ser lyst ut. I denne samanheng er det ikkje minst farleg at vi har ei regjering som lar seg diktere av den delen av norsk næringsliv som trur seg tent med at «den sterkaste sin rett» blir gjeldande internasjonalt handelsregime.

Kvar står så TiSA-forhandlingane i dag?
Den 30. november i fjor inviterte mellom andre EPSU (European Federation of Public Service Unions) ei rekke fagfolk til ein workshop i Brussel der temaet nettopp var den aktuelle statusen for forhandlingane og ei vurdering av konsekvensar av ein TiSA-avtale.

I omtalen frå møtet ( www.bilaterals.org/?ak-europa-even-economically-tisa ) kan vi mellom anna lese at Oliver Prausmüller, som er handelsekspert ve AK Wien, i hovudsak ser for seg tre moglege senarier når det gjeld den vidare utviklinga av TiSA-initiativet:

«Det eine er at forhandlingane heilt blir gitt opp, og at dei viktigaste handelspartnerane, som USA og EU, i staden vil fokusere på bilaterale avtalar.

Det andre er at USA trekker seg offisielt frå forhandlingane om TiSA, men at forhandlingane held fram med EU som drivkraft.

Det tredje er at USA, etter ein pause, igjen tek opp igjen TiSA-forhandlingane med fornya styrke og kanskje med eit endå meir offensivt mandat.»

Like interessant er det at Prausmüller fann grunn til uansett å understreke at - «dei offensive lobbyinteressene bak TiSA på områder som offentleg infrastruktur, datavern eller miljøtenester på ingen måte er ute av bildet.»

Dette siste viser at vi, med TiSA eller uten, står overfor ein konstant trussel om at den skadelege handelsliberaliseringa gjennom meir «anonyme» bilaterale handelsavtalar vil skyte fart med endå mindre offentleg debatt enn vi til og med har hatt om TiSA og dei andre store fleirnasjonale avtalane.

Som eksempel på andre avtalar Norge er i ferd med å forhandle, kan nemnast ein avtale som vi som EFTA-medlem forhandlar med MERCOSUR-landa Argentinga, Brasil, Uruguay og Paraguay.

«Dette er land som har kapasitet til å utkonkurrere norsk landbruk totalt», seier generalsekretær Per Skorge i Bondelaget til bondebladet.no. Fagsjefen for internasjonale spørsmål i Norsk Landbrukssamvirke, Arne Ivar Sletnes, legg til at – «Om jeg må plukke ut en enkeltavtale, er det Mercosur som virker mest truende. Men den største trusselen er summen av alle avtaler Norge kan tenkes å inngå i årene framover».

Når vi veit kor lite den sittande regjeringa bryr seg om næringar som permanent, eller i kortare periodar, treng eit visst vern mot øydeleggande konkurranse frå utlandet, då er det heller urovekkande når handelsministeren vår melder om «framgang i forhandlingane».

Også andre land er utsette for liknande overfall frå ny-liberalistiske krefter.

Ein kontroversiell regional frihandelsavtale for deler av Stillehavsområdet vart signert sist sommar mellom Australia, New Zealand og dei små øystatane Tonga, Niue, Nauru, Samoa, Solomon Islands, Kiribati, Tuvalu og Cook Islands. Tre av dei viktigaste mindre øystatane, - Fiji, Papua Ny Guinea and Vanuatu, nekta å vere med fordi dei såg avtalen som ubalansert til fordel for Australia og New Zealand.

Det er gjenkjennelege og trist å sjå korleis Stillehavslanda blir valsa over av dei same interessene og den same taktikken som vi her til lands opplever med for eks TiSA-avtalen. Motstandarane av avtalen på Papua Ny Guinea skriv at “Trade deals are negotiated in secret and are often full of legal jargon that makes them completely inaccessible to governments, parliaments and ordinary people attempting to understand what they mean in practice» («Handelsavtalar blir forhandla med stor grad av hemmeleghald og er ofte fulle av juridisk sjargong som gjer dei totalt utilgjengelege når folk frå regjeringane, nasjonalforsamlingane og vanlege borgarar prøver å sette seg inn i kva avtalane tyder i praksis.»)

Det er å vone at det finns mange nok oppegåande stortingsrepresentantar til at det blir pressa fram nøytrale konsekvensanalyser og ein skikkeleg offentleg debatt for kvar av dei handelsavtalane den sittande regjeringa vil inngå. Alle slike avtalar medfører reduksjon av det politiske handlingsromet som vi sårt kan trenge for å skape og forsvare eit godt samfunn å bu i. Derfor bør ikkje ei liberalismefrelst regjering få frie hender på dette området.

No comments:

Post a Comment