Mar 19, 2016

TiSA-avtalen og dei små og mellomstore bedriftene.

Foto Johanna Engen




















Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten. Innlegget ble først publisert i gratisavisa Nytt i Uka.    


I avisa Nytt i Uka den 2. mars kan vi lese at tre av fire bedrifter i Ålesund kommune
har fire tilsette eller færre. Informasjonen er basert på ei oversikt over storleiken på
norske bedrifter som Statistisk Sentralbyrå, SSB, nettopp har publisert.
Kjedeleg stoff? Det kan sjå slik ut, men faktisk er dette kriminelt viktig, når vi ser det
i samanheng med den politikken som regjeringa fører når det gjeld dei aktuelle
handelsavtalane av typen TiSA. Du kan vere ein av dei som mister jobben om nokre
få år pga effekten av TiSA-avtalen, ein avtale om alle slags tenester (transport,
byggebransje, helse, osv) som Norge forhandlar om med femti andre land, dvs eit
område som altså er langt større enn det dobbelte av EØS.


Korleis? Fordi TiSA-avtalen legg opp til sterkt å favorisere konkurransekraftige
utanlandske bedrifter - norske i utlandet, og utanlandske i Norge. Dette vil gi ei
kraftig skjerping av konkurransen frå utlandet for dei bedriftene som hittil har operert
på sin eigen nasjonale heimemarknad, og som hittil har hatt nok å stri med frå til dels
ufin konkurranse frå EØS-land (jfr sosial dumping i bygge- og transportnæringa for
eks).

Det ferske oppslaget i Nytt i Uka, er i tråd med ein annan rapport som Statistisk
Sentralbyrå kom med i 2013 (SSB Rapporter 58/2013), som viser at omlag 8 av 10
arbeidsplassar i Norge er å finne i ikkje-konkurranseutsette bedrifter (tal frå 2012).
Mange har derfor grunn til å vere urolege over at både regjeringa og NHO, i sine
handelspolitiske posisjonar, så sanselaust einsidig bryr seg om bedrifter som opererer
på utanlandsmarknaden, og som altså sysselset eit klart mindretal av norske
arbeidstakarar .

I Europa er det eit veksande rabalder rundt effekten av handelsavtalar av typen TTIP
og TiSA. I Tyskland hadde pr nov 2015 rundt 1700 små og mellomstore bedrifter
signert ein protest mot TTIP-avtalen som EU og USA forhandlar om. Ein kritikk som
også omfattar TiSA: "Bedriftene går først og fremst ut mot TTIP, men skriv også at
„Vår kritikk omfattar også liknande avtalar, for eksempel CETA, handels- og
investeringsavtalen med Kanada, og TISA, ein avtale om liberalisering av tenester”.
(Meir stoff om små og mellomstore bedrifter sin motstand mot TTIP i Tyskland og
Austerrike her: http://www.kmu-gegen-ttip.de/ )

Dei som måtte vere aldri så lite opptekne av den kategorien bedrifter som faktisk
sysselset eit klart fleirtal av norske arbeidstakarar, vil også kunne få tankevekkande
informasjon i ein publikasjon som Veblen Institute for Economic Reforms i Paris kom
ut med nyleg om effekten av TTIP på lokale økonomiar og små og mellomstore
bedrifter. ( “The potential effects of the United States / Europe free trade agreement
(ttip) on local economies and SMEs”). Denne rapporten etterlyser ikkje minst
grundige konsekvensanalyser av slike handelsavtalar, noko vi heller ikkje har sett
snurten av når det gjeld den avtalen som Norge faktisk forhandlar om, nemleg TiSA.
Det kan sjå ut som om Norge skal fortsette å forhandle “i blinde” om denne avtalen.


Det som lenge har forundra meg spesielt, er at så mange små og mellomstore bedrifter
i Norge, mange av dei medlemer i NHO, tillet denne organisasjonen å ivre så snevert
og einsidig for TiSA-avtalen, når denne avtalen så avgjort er i strid med desse
bedriftene sine interesser. Ein handelsavtale som er spesiallaga for at Statoil og
liknande selskap skal få endå friare spelerom til å boltre seg i utlandet, er slett ikkje
ein avtale som tar omsyn til dei legitime defensive interessene som små og
melomstore bedrifter har, verken i Norge eller i andre land som også har behov for
trygge og stabile arbeidsplassar. For å illustrere kor illojale og ”nasjonslause” slike
selskap har blitt, er det no meldt at Statoil vil flytte 1700 arbeidsplassar frå Norge til
eit lavkostland og dermed forsterke krisa i oljenæringa! Trusselen frå TiSA-avtalen
kan neppe gjerast tydelegare.

Berre så det er sagt.

Odd Tarberg,
otarberg@mimer.no
Ålesund

No comments:

Post a Comment