Jul 13, 2015

Gjesteblogg: Handelspolitikk inn i kommunevalkampen?



Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (
Multilateral Agreement on Investment). MAI-
avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.

Arbeiderpartiet på katastrofekurs i TiSA-spørsmålet.

Arbeiderpartiet si leiing har prøvd å roe kritikarane av TiSA-avtalen med at partiet stiller sokalla strenge krav til avtalen for å stemme ja til den. I debatten i Stortinget nyleg der denne frihandelsavtalen for tenester var tema, takka vere SV og Sp, kom det likevel tydeleg fram at Ap utruleg nok ser like positivt på TiSA som dei to pro-liberalistiske regjeringspartia. Ja, Ap sine representantar ga klart uttrykk for at dei stolte på at Frp og Høgre gjorde det som var rett i dette spørsmålet. Dersom den haldninga i Ap blir ståande, vil TiSA-avtalen uten tvil bli ratifisert av Stortinget i 2016.

Det er ein utruleg situasjon at Ap ser ut til å gå inn for ein avtale som har som sitt grunnleggande og uttrykkelege utgangspunkt å få liberalisert marknadane når det gjeld flest mogleg tenester. Avtalen legg opp til at alt anna enn full liberalisering må forsvarast gjennom unntak og reservasjonar! EU-kommisjonen presenterte fornøgd avtalen mellom anna slik ved starten av forhandlingane for omlag to år sidan: “TiSA negotiations aim at opening up markets in services among a diverse group of the World Trade Organisation’s (WTO) members who are willing to push ahead with liberalisation faster than the general membership of the World Trade”. Målet er altså å opne opp marknadane i tenestesektoren for internasjonal konkurranse raskare enn det som det var råd å få til innanfor Verdens Handelsorganisasjon WTO.

I skrivande stund les eg på nettet at det er avslørt at eit firma som brukar underbetalte bulgarske arbeidarar, no jobbar med eit oppdrag for Helse-Bergen på kontraktsvilkår som normale norske bedrifter sjølvsagt ikkje kan konkurrere med. Vi har ved gjentekne høve fått vite av Transportarbeiderforbundet, korleis ”Et unødig liberalt norsk regelverk har opna transportmarknaden for utanlandske transportører i en slik grad at en hel næring trues på livet”... TiSA vil opne dei fleste tenestesektorane på same måten som transport- og byggebransjen. Når Ap tillet seg å ”skjule seg bak” at partiet ”forutset” at avtalen ikkje skal gå ut over forholda i arbeidslivet, då står det derfor ikkje til truande. Ap-leiinga veit så vel at ei slik liberalisering nettopp må betalast med meir kaos i arbeidsmarknaden... Dette har ikkje minst Fagforbundet minna Ap-leiinga tydeleg på.

Kvifor bør dette inn i kommunevalkampen?

Det er to sterke grunnar til det. Først og fremst ligg det an til at TiSA-avtalen kjem til Stortinget for ”sandpåstrøing” i god tid før neste stortingsval - etter at ein forsvarleg politisk debatt om avtalen så langt har vore sabotert av tilhengarane. Derfor kan det ikkje ventast til då med å få reagert politisk. Kommunevalkampen vil derfor vere ein unik arena til å få gitt eit kraftig signal til dei ulike partia også i dette fundamentale spørsmålet. Det er lite truleg at kommunepolitikarane vil bruke tid på dette i sin lokale valkamp, men gjennom internettet kjem det signal om at grupper av TiSA-motstandarar vil ”bråke ekstra med kaserollene” i den perioden for å tydeleggjere kven av partia det er som har forsvarlege TiSA-standpunkt og ikkje... Dersom for eks. Ap i kommunevalet fekk ei tydeleg veljarflukt i favør av dei TiSA-kritiske partia, så kunne kanskje det få dette avgjerande partiet for TiSA-avstemminga i Stortinget, til å studere konsekvensane av denne avtalen med meir kritiske auge. I staden for, som no, å stole blindt på at Frp og Høgre skal gjere ein god jobb for arbeidstakarsida under dei pågåande forhandlingane. Det er SV, Sp, Partiet Rødt og Miljøpartiet De Grønne, som klart har sagt nei til TiSA, slik avtale-ideologien no framstår, og dei fleste Ap-veljarane, i alle fall dei som har sine sosialdemokratiske instinkt i orden, burde avgjort passe best inn i eit TiSA-kritisk parti...

Den andre grunnen til at TiSA-avtalen også politisk høyrer heime i ein kommunevalkamp, er at dette monsteret av ein avtale også vil redusere det politiske handlingsromet som kommunene så langt har hatt. Ålesund hadde nyleg eit eksempel der eit privat firma plutseleg la ned ei barnhageavdeling som mange foreldre hadde basert seg på å bruke... Dersom den politiske leiinga i kommunen skulle finne ut at det tryggaste ville vere at kommunen igjen skulle stå for drifta av alle barnehagane, så vil ein evt TiSA-avtale stikke alvorlege kjeppar i hjulet for ei slik endring. TiSA legg nemleg opp til uhøyrt styrking av private konsern sin posisjon i høve til offentlege styresmakter.

Denne tanken om at TiSA-avtalen kan bli eit tema i kommunevalkampen, er eg ikkje åleine om. Det er mange som er så redde for den aggressive liberaliseringsoffensiven som TiSA, og dei andre frihandelsavtalane av typen TTIP og TPP, står for, at dei leiter ”med lys og lykte” etter ein måte å få stansa eit ja til denne avtalen i Stortinget før neste stortingsval. Det er ille for meg å måtte angripe Ap inn mot eit kommuneval, ettersom dei to partia som no sit i regjering står vesentleg lenger unna mitt politiske syn. Men så lenge Arbeiderpartiet held fram med å støtte dei to partia i at ein handelspolitikk som er bra for norske storkonsern som konkurrerer i utlandet, også utan vidare er ”bra for Norge”, då ser eg meg nøydd til det... Om Telenor, med si satsing i utlandet, og norske reiarlag i utansriks, som knapt lenger har norske sjøfolk ombord, vil juble for ein TiSA-avtale, så har det store fleirtalet av norske arbeidstakarar all grunn til istaden å sjå på TiSA som ein trussel...

No comments:

Post a Comment