Showing posts with label Sosial dumping. Show all posts
Showing posts with label Sosial dumping. Show all posts

Nov 5, 2016

TISA,TTIP, CETA og TPP: Skal «frihandel» trumfa folkestyret?


Dette er et innlegg av 
nestleder i SV, 
Oddny Miljeteig. Hun er utdannet sosionom, og har mange års erfaring som aktivist bak seg, både i lokalpolitikken, arbeiderbevegelsen og målrørsla. Innlegget ble først publisert i Bergensavisen 2. november 2016.

CETA. TTIP. TISA. TPP. Vakre vene. Dette er meiningslause bokstavsamanstillingar. Dei fortel ingenting om kva dei faktisk står for. Ikkje har dei norsk omsetjing, heller. Difor krevst det ekstra arbeid for å trengja inn bak bokstavane. Vi kan godt ta med EØS i same slengen. Men der ser du i det minste ein norsk bokstav, ø-en. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, tyder det, EØS. Og det er eit samarbeid, såkalla, mellom EU og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Kor Storbritannia vil hamna etter Brexit, sjå det veit vi ikkje enno.

Men attende til desse bokstavsamanstillingane. CETA er ein frihandelsavtale mellom EU og Canada – som dei vart samde om torsdag i veka som gjekk. EU og USA forhandlar om den nye frihandelsavtalen TTIP. I tillegg vert det forhandla innan Verdas handelsorganisasjon (WTO – ei bokstavsamanstilling til!) om friandelsavtalen for tenester, TISA. TISA-forhandlingane er Noreg ein direkte del av, TTIP er vi ikkje ein direkte del av. Men TTIP-avtalen kan koma og ta oss gjennom EØS-avtalen. Amerikanske og asiatiske statar forhandlar om frihandelsavtalen TPP for stillehavsland.

TTIP-avtalen vert det forhandla om i løynd. Ja, i løynd. Mellom land som kallar seg demokrati. Lekkasjar frå forhandlingane viser at avtalen kan koma til å innehalda paragrafar som gjev private bedrifter rett til å saksøkja statar dersom dei gjennomfører politikk som fører til at bedriftene sine investeringar misser verdi. Dette betyr at nasjonale reglar og lovverk misser verdi. Det igjen betyr at har ei regjering/Storting privatisert og konkurranseutsett ei teneste eller eit tenesteområde, ja, så kan i neste omgang eit nytt fleirtal ikkje få sett i verk ein annan politikk. Til dømes: Er jarnbanen eller barnevernet privatisert/konkurranseutsett, kan dei kommersielle investorane saksøkja Noreg viss Stortinget seinare skulle ta til vit og ta attende tenestene til offentleg drift og verksemd. Altså: ei djup, djup innskrenking av folket sine rettar ved val. Kva var det ho sa, kulturminister Linda Hofstad Helleland – jo, at det var om å gjera å få klemt så mykje tannkrem ut av tuben at seinare regjeringar med annan politikk ikkje kunne få tannkremen innatt. Altså: Her er det om å gjera å smi medan jarnet er varmt - og nytta fleirtalet medan ein har det slik at eit anna fleirtal ikkje kan få folkeviljen sin. Det må ein seia er litt av eit udemokratisk sinnelag. Ho sa det beint ut, kulturministeren – og det før ho hadde vore på ein einaste kommersiell boksekamp i Noreg!

Harvard-professor Dani Rodrik, som nyleg vitja Noreg, meiner TTIP-utkastet bør forkastast. Han har i fleire år åtvara mot at det vil koma ein politisk motreaksjon dersom ikkje globaliseringa sine gevinstar vert jamanare fordelte. Frihandelsavtalar som aukar sosiale og økonomiske skilnader og svekkar demokratiet, vil føra til ein politisk motreaksjon, har professoren i internasjonal poltisk økonomi åtvara mot i ei årrekkje. Ein høgrepopulisme på frammarsj i Europa, brexit-røystinga i Storbritannia og Donald Trump som presidentkandidat er teikn på at Rodrik sine spådommar er i ferd med å oppfyllast, meiner han: «Vi er vitne til en hevnaksjon mot mainstream politikere og en teknokratisk elite som oversolgte globaliseringens fordeler og ikke tok på alvor de reelle bekymringene for at enkelte grupper vil tape på utviklingen. Populistene profitterer på at folk har følt seg utelatt i prosessen, og disse strømmingene vil fortsette å vokse dersom ikke det politiske sentrum kommer opp med svar,» sa professor Rodrik i avisa Klassekampen måndag. Rodrik meiner at til dømes TTIP-avtalen er ein avtale «med betydelige ulemper i form av å utfordre nasjonal integritet, reguleringer og lovverk. Man bør gå tilbake til tegnebrettet og lage en ny avtale.» Skrota heile skiten, altså. Professoren, som ikkje er motstandar av frihandel, meiner at middelklassens og den lågare middelklassens interesser for ei ujamn fordeling må takast på alvor. Prisen har vore høg å betala for dei som har sett jobbane sine forsvinna på grunn av konkurranse med lågkostland. Og difor må den nasjonale sjølvråderetten «rebalanserast» mot ein globalisert og open økonomi. Seier den amerikanske professoren. Så spørst det då, om det finst politisk vilje – og vilje nok til å «rebalansera» den nasjonale sjølvråderetten.

Ser vi på EU, ser det ikkje slik ut. Overvakingsorganet Esa, som passar på at EØS-avtalen vert fylgd, opnar no sak mot Noreg for å få slutt på at arbeidsgjevarane må betala reise, kost og losji for utstasjonerte EØS-arbeidarar. Ordninga er svært viktig for å hindra sosial dumping og forverring av løns- og arbeidsvilkår. I 2009 gjekk ei gruppe verft, i samarbeid med NHO, til søksmål mot den norske stat for å få fjerna den allmenngjorde tariffavtalen som sikra reglane om betaling av reise, kost og losji. Dei tapte så det song, fyrst i tingretten, så i lagmannsretten og til slutt samrøystes i sjølvaste Høgsterett. NHOs advokat argumenterte for at den norske modellen var robust nok til å tola innføringa av ei eiga låglønsgruppe av utanlandske arbeidarar. Dette vart bestemt avvist av Høgsterett, som i høgsterettslege ord og vendingar slo fast at dette ville vera å innføra sosial dumping. Men det tek ikkje NHO og dei for god fisk. For NHO er sjølvsagt ikkje mot sosial dumping. Dei kan halda så fine festtalar dei berre vil. Og no har dei altså fått EU og Esa på lag. Vinn dei fram, råkar dei både utanlandske og norske arbeidarar – og dei vil svekka fagrørsla. Det har NHO sjølvsagt ingenting imot. Uansett festtalar om den norske modellen og eit organisert og regulert arbeidsliv.

Når det gjeld NHO og EU, kjenner vi lusa på gangen. Handel utan hindringar og reguleringar er både mål og middel. Då vert folkestyret og rettsstellet hår i suppa, for ikkje å snakka om ei sterk fagrørsle. Og bak festtalane står hemmelege forhandlingar om avtalar som set stadig meir av folkestyret til sides. Det er det dei handlar om, dei uskjønelege bokstavsamanstillingane. Når alt kjem til alt.

Foto: Martin Johannessen

Aug 24, 2016

Sosial dumping og TiSA



Dette er et innlegg av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten. Inlegget ble først publisert i Klassekampen 27.07.16 


Det vil kanskje vere i overkant å påstå at riksrevisor Per Kristian Foss må vere motstandar av TiSA-avtalen, men kritikken hans av styresmaktene si manglande evne til å hindre sosial dumping gir faktisk grunn til å tenke i dei baner.

I samband med ein nyleg framlagt rapport frå Riksrevisjonen, uttaler Foss mellom anna dette: “Med utvidelsen av EU og Schengen-samarbeidet har antall utenlandske aktører i det norske markedet økt, noe som har ført til stadig grovere arbeidslivskriminalitet. – Sosial dumping er én av hovedutfordringene i arbeidslivet. Vi risikerer å få en dårligere standard for arbeidsmiljø der kriminelle aktører også kan utkonkurrere lovlig drevne virksomheter”.

Når riksrevisoren er uroa over effekten av utvidinga av EU og Schengen-samarbeidet, er det svært så nærliggande å spørje kvifor det politiske miljøet i Norge ikkje er meir kritiske til at Norge no er på veg inn i TiSA-avtalen. Ein avtale som definitivt vil forsterke nettopp dette trykket frå ”utanlandske aktører i det norske markedet”. Dersom Foss og andre søker på nettet og finn det som står der om Transparency Annexe i TiSA, så vil dei sjå at utanlandske bedrifter gjennom den avtalen får styrka sin ”forhandlingsposisjon” overfor norske styresmakter på ein hittil uhøyrt måte. Heile hovedformålet med TiSA er heilt tydeleg å sikre utanlandske bedrifter sine økonomiske interesser.

Den politiske prosessen rundt TiSA-forhandlingane, som no har pågått i tre år, kvalifiserer godt til å bli kalla skandaløs. Denne dereguleringsavtalen som dekker alt av tenester, og eit geografisk og økonomisk område som er tre gongar så stort som EØS (50 land!), blir bagatelliserande framstilt av styresmaktene som einsidig positiv for Norge. Realiteten er at den negative utviklinga som Riksrevisjonen no finn grunn til å påpeike, vil berre vere ein forsmak på dei problema det norske arbeidslivet vil stå overfor dersom TiSA blir ein realitet.

May 27, 2016

Børge Brende stadig villeiande om TISA-avtalen



Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.

Det er alvorleg at utenriksministeren held fram med å føre folk bak lyset når det gjeld TiSA-avtalen som Norge har forhandla om i tre år utanfor WTO.


I ein fersk artikkel i LO-Aktuelt
har Brende igjen som tittel at «TISA tjener norske interesser». Dette er sterkt misvisande fordi dette gir inntrykk av at avtalen generelt er bra for Norge. Det er nok rett at visse norske interesser vil tene på TISA, men det er grunn til å tru at langt fleire arbeidsplassar blir utryggare med ein slik avtale. Faktisk ligg det ein innrømmelse i det som Brende skriv inne i artikkelen: «TISA vil virke positivt for våre offensive interesser internasjonalt». Her ligg det underforstått, sjølv om utenriksministeren passar seg vel for å seie det uttrykkeleg, at den delen av næringslivet som ikkje er «offensivt» aktive internasjonalt, slett ikkje vil tene på TISA! Dette er svært alvorleg villeiing frå utenriksministeren si side, særleg når vi veit at langt fleire arbeidstakarar er sysselsette i den delen av næringslivet som ikkje er i konkurranseutsett sektor. Statistisk sentralbyrå hevda i ein rapport frå 2013 at dette gjeld så mange som ca 80 prosent av norske arbeidstakarar!

I denne artikkelen gjentek han også ein finurleg påstand, som kan sjå ut til å tilbakevise kritikken om at TISA vil redusere norsk politisk handlingsrom, men som likevel viser seg å ikkje gjere det. Brende skriv: «Norske myndigheter vil fortsatt ha rett til å regulere helse, miljø og sikkerhet, forbrukerbeskyttelse og arbeidstakerrettigheter, på ikke-diskriminerende vis» . Det dei fleste som les denne setninga truleg ikkje legg vekt på, er den siste delen, om at slike reguleringar ikkje må foregå på «ikke-diskriminerende vis». Det det her altså er snakk om, er at utanlandske konsern ikkje skal diskriminerast i forhold til norske, og då står plutseleg norske styresmakter likevel ikkje lenger like fritt til å regulere slike tenester dersom vi går inn i denne avtalen som heilt tydeleg er konstruert for å favorisere dei femti TISA-landa sine bedrifter som har “offensive interesser internasjonalt”. Denne bisetninga om «ikke-diskriminering» er ofte brukt frå regjeringshald når dei prøver å bagatellisere konsekvensane av denne avtalen.

Ei formulering som går igjen frå tilhengarane i dei ulike TISA-landa som eit hovedargument for avtalen, er at «våre bedrifter vil med TISA lettare kunne gå ut og EROBRE marknader i utlandet», EU-kommisær Karel de Gucht er ein av dei som seier dette, og det same har eg sett frå amerikansk og kanadisk hald.

Spørsmålet blir då, når «alle» skal ut og erobre marknader: Kven er det då som skal miste jobbane sine i dei bedriftene som blir utkonkurrerte?

Kvifor kan ikkje utenriksministeren vere vaksen nok til å vedgå denne alvlorlege baksida ved TISA-avtalen?

Og kvifor får vi ikkje Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti til å kommentere konkret slike stygge konsekvensar av TISA?

May 25, 2016

Styres fra USA & EU?


Dette er et innlegg av Torgeir Havik. Havik er lokallagsleder for Naturvernforbundet i Steinkjer og Oljefritt LOVESE i Nord-Trøndelag. Han er aktiv i Besteforeldrenes Klimaaksjon og sivilaritekt MMAL.


Norge sa Nei til EU ved folkeavstemninger i 1972 og 1994. Siden har EU-motstanden vokst. Dessverre viser flertallet av stortingspolitikerne liten respekt for folkeviljen. Bare se hvordan EUs lovverk vedtas som norsk politikk.

Annerledeslandet er en illusjon. Schengenavtalen ga oss innvandring som forringer norsk arbeidsmiljø, og åpne grenser kan gi økt kriminalitet. Det er EU som tilrår sammenslåing av fylker og kommuner. Og Høyre, Frp og Ap utfører ivrig EUs ønsker.

Norsk økonomi har likevel klart seg bra takket være høy arbeidsdeltakelse/ høy kvinneandel og inntekter fra olje og gassnæring i 40 år. Det statskontrollerte «pensjonsfondet» vokser ved investeringer i utlandet og gir Norge en foreløpig trygghet for framtida.

Nå foreslår Regjeringen at norsk finanspolitikk skal underordnes EUs finanstopper. Det vil medføre at den europeiske sentralbanksjefen Mario Draghi skal bestemme over norske milliarder. Mario Draghi er en pengetrikser fra Italia og mest en garantist for innføring av føydal vilkårlighet og maktutøvelse i vesle Norge. Som leder for Goldman Sachs Europaavdeling bedrev Draghi innsidehandel og jukset kjempebeløp over til Sachs privatbank. Banken er registrert i et av de mange korrupte skatteparadisene. Mario Draghi huskes i Italia best som direktør for finansdepartementet da de solgte statsbedrifter på billigsalg. At den norske regjering fremmer et forslag som overlater ansvaret for vårt statlige pensjonsfond på 7082 mrd. kr til slike banditter er skremmende, og tyder på at fornuften er fraværende i visse sentrale posisjoner.

Regjeringen driver også forhandlinger med USA om TTIP og TISA. Det er en unødvendig frihandelsavtale mellom USA og EU. Avtalene gir private multinasjonale selskap makt til å saksøke nasjonale myndigheter ved politiske justeringer, og mange land har brent seg på tilsvarende avtaler. Innholdet i de hemmelige forhandlingene ble skikkelig avkledd i et NRK program i forrige uke. Det er grunn til uro over at politikere blir blindet av egne ideologiske briller. Frihandel, privatisering og skattelettelser for de rike er innord som gir aksept for farlige paragrafer. Norske pengeinstitusjoner forvalter på vegne av et helt folk. Det er maktmisbruk av sentrale politikere å overføre nasjonal pengemakt til EUs sentralbank (ECB).

Om 14 dager skal Stortinget stemme over å gi EUs finanstilsyn makt over norsk bank, forsikring, pensjon og verdipapirhandel. Det er ikke noe småtteri av verdioverføringer som det plutselig haster med å vedta. Dette skjer samtidig som England vurderer å gå ut av EU, Hellas er i knestående, og få år etter at Kypros og Irland ble forsøkt robbet av EUs finansinstitusjoner. Alle ser at EU skaker i hele sitt byggverk. Da er det gal kvinnes verk å overlate makta over Norges sunne finanser til et slikt makkverk.

Mar 20, 2016

TISA setter kvinners jobber ut på anbud


Folkeaksjonen mot TISA deltok i  8. marstoget 2016. Vi stillte med nymalt banner. Vår parole lød slik: "TISA SETTER KVINNERS JOBBER UT PÅ ANBUD!"

Handelsavtaler burde være til for å nå mål som er til det beste for mennesker og klode. 
Menneskerettigheter, økologisk bærekraft, likestilling, sosial og global rettferdighet bør gå foran økonomiske interesser.

Hvordan rammer TISA kvinner? 
TISA-avtalen legger tilrette for multinasjonale selskaper og privatisering av offentlig sektor. TISA omfatter i utgangspunktet ikke offentlige tjenester. Men definisjonen på hva som er offentlige tjenester bygger på GATS. GATS definerer offentlige tjenester som tjenester som tilbys uten konkurranse eller supplement av private tilbydere. I Norge er det veldig få sektorer uten private tilbydere. Og dermed kan nesten hele velferden vår bli konkurranseutsatt dersom vi får en TISA-avtale.


Nei til EU skriver: " Velferdsordninger som er tilgjengelige for alle bidrar til likestilling mellom kjønnene og reduserer kvinners gratisarbeid i hjemmene. Barnehager, utdanning, helse og sosiale tjenester er blant de områder som åpnes for vanlig forretningsdrift. Vi har etter hvert fått ganske mye erfaring med privatisering og konkurranseutsetting: Det gir hverken billigere eller bedre tjenester. Byråkratiet vokser, uten at vi får bedre kontroll med virksomhetene. Lønn og pensjonsforhold svekkes for mange kvinner.

Ofte leder konkurranseutsetting til dårligere arbeidsvilkår. Mange ansatte i helse- og omsorgssektoren har fått merke dette. Dette er sektorer der et flertall er kvinner. Konkurranseutsetting baner vei for lavere lønn og pensjon og lengre arbeidstider. Internasjonal handel bør utvikles i en rettferdig retning. Med TISA er det er kvinnene som blir hardest rammet. Det er de som er i flertall blant arbeidstagerne innen helse og skole."



Lise Rødland, nestleder i Attac skriver:
"Handelspolitikk er definitivt kvinnesak. TiSA-avtalen vil ramme kvinner så hardt at den er en av de viktigste kampsakene i dag.


Videre skriver hun: "Om Norge i TiSA forplikter seg til å tillate utenlandske tjenesteleverandører å drive barnehage, bank, oljeutvinning eller sykehjem er det usikkert hvorvidt en kan gå tilbake på dette. Kritikerne frykter derfor for statens handlingsrom i møte med klimakriser, matkriser, økonomiske kriser, offentlige tjenester og likestillingspolitikk.

Innen offentlig sektor utgjør kvinner 70 prosent av de ansatte. Når barnehager og sykehjem settes ut på anbud, er det hovedsakelig kvinner som betaler prisen gjennom tap av pensjonsrettigheter og arbeidsvilkår.


TiSA er ikke den eneste megaavtalen som er under forhandling. TTIP, CETA og TPP er handelsavtaler mellom henholdsvis EU og USA, EU og Canada, og USA og elleve Stillehavsland. Gjennom disse avtalene ønsker den vestlige verden å sette nye globale standarder uten å ta med flertallet av utviklingsland på høringen, slik de er tvunget til i Verdens handelsorganisasjon (WTO). Dette gjør kampen mot TiSA til en kamp mot globale strukturer som bidrar til å opprettholde en skjevfordeling av makt, ressurser og frihet."

Kvinnekamp handler om menneskerettigheter. Kvinners rettigheter angår også menn. Kvinners rettigheter har også direkte innvirkning på livene til deres barn. Handelsavtaler som TISA og TTIP kan komme til å ofre fundamentale menneskerettigheter til fordel for økonomiske og strategiske hensyn. Det er ikke en utvikling vi ønsker velkommen!

Mar 19, 2016

TiSA-avtalen og dei små og mellomstore bedriftene.

Foto Johanna Engen




















Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten. Innlegget ble først publisert i gratisavisa Nytt i Uka.    


I avisa Nytt i Uka den 2. mars kan vi lese at tre av fire bedrifter i Ålesund kommune
har fire tilsette eller færre. Informasjonen er basert på ei oversikt over storleiken på
norske bedrifter som Statistisk Sentralbyrå, SSB, nettopp har publisert.
Kjedeleg stoff? Det kan sjå slik ut, men faktisk er dette kriminelt viktig, når vi ser det
i samanheng med den politikken som regjeringa fører når det gjeld dei aktuelle
handelsavtalane av typen TiSA. Du kan vere ein av dei som mister jobben om nokre
få år pga effekten av TiSA-avtalen, ein avtale om alle slags tenester (transport,
byggebransje, helse, osv) som Norge forhandlar om med femti andre land, dvs eit
område som altså er langt større enn det dobbelte av EØS.


Korleis? Fordi TiSA-avtalen legg opp til sterkt å favorisere konkurransekraftige
utanlandske bedrifter - norske i utlandet, og utanlandske i Norge. Dette vil gi ei
kraftig skjerping av konkurransen frå utlandet for dei bedriftene som hittil har operert
på sin eigen nasjonale heimemarknad, og som hittil har hatt nok å stri med frå til dels
ufin konkurranse frå EØS-land (jfr sosial dumping i bygge- og transportnæringa for
eks).

Det ferske oppslaget i Nytt i Uka, er i tråd med ein annan rapport som Statistisk
Sentralbyrå kom med i 2013 (SSB Rapporter 58/2013), som viser at omlag 8 av 10
arbeidsplassar i Norge er å finne i ikkje-konkurranseutsette bedrifter (tal frå 2012).
Mange har derfor grunn til å vere urolege over at både regjeringa og NHO, i sine
handelspolitiske posisjonar, så sanselaust einsidig bryr seg om bedrifter som opererer
på utanlandsmarknaden, og som altså sysselset eit klart mindretal av norske
arbeidstakarar .

I Europa er det eit veksande rabalder rundt effekten av handelsavtalar av typen TTIP
og TiSA. I Tyskland hadde pr nov 2015 rundt 1700 små og mellomstore bedrifter
signert ein protest mot TTIP-avtalen som EU og USA forhandlar om. Ein kritikk som
også omfattar TiSA: "Bedriftene går først og fremst ut mot TTIP, men skriv også at
„Vår kritikk omfattar også liknande avtalar, for eksempel CETA, handels- og
investeringsavtalen med Kanada, og TISA, ein avtale om liberalisering av tenester”.
(Meir stoff om små og mellomstore bedrifter sin motstand mot TTIP i Tyskland og
Austerrike her: http://www.kmu-gegen-ttip.de/ )

Dei som måtte vere aldri så lite opptekne av den kategorien bedrifter som faktisk
sysselset eit klart fleirtal av norske arbeidstakarar, vil også kunne få tankevekkande
informasjon i ein publikasjon som Veblen Institute for Economic Reforms i Paris kom
ut med nyleg om effekten av TTIP på lokale økonomiar og små og mellomstore
bedrifter. ( “The potential effects of the United States / Europe free trade agreement
(ttip) on local economies and SMEs”). Denne rapporten etterlyser ikkje minst
grundige konsekvensanalyser av slike handelsavtalar, noko vi heller ikkje har sett
snurten av når det gjeld den avtalen som Norge faktisk forhandlar om, nemleg TiSA.
Det kan sjå ut som om Norge skal fortsette å forhandle “i blinde” om denne avtalen.


Det som lenge har forundra meg spesielt, er at så mange små og mellomstore bedrifter
i Norge, mange av dei medlemer i NHO, tillet denne organisasjonen å ivre så snevert
og einsidig for TiSA-avtalen, når denne avtalen så avgjort er i strid med desse
bedriftene sine interesser. Ein handelsavtale som er spesiallaga for at Statoil og
liknande selskap skal få endå friare spelerom til å boltre seg i utlandet, er slett ikkje
ein avtale som tar omsyn til dei legitime defensive interessene som små og
melomstore bedrifter har, verken i Norge eller i andre land som også har behov for
trygge og stabile arbeidsplassar. For å illustrere kor illojale og ”nasjonslause” slike
selskap har blitt, er det no meldt at Statoil vil flytte 1700 arbeidsplassar frå Norge til
eit lavkostland og dermed forsterke krisa i oljenæringa! Trusselen frå TiSA-avtalen
kan neppe gjerast tydelegare.

Berre så det er sagt.

Odd Tarberg,
otarberg@mimer.no
Ålesund