Aug 24, 2015

Dei nasjonslause storkonserna og dei nye frihandelsavtalane

















Foto: Johanna Engen


Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten. Innlegget ble opprinnelig publisert i Sunnmørsposten 17.08.2015


Regjeringa sitt forslag om å gi utanlandske konsern rett til å saksøke Norge for milliardbeløp dersom norske regelendringar gjer at konserna meiner dei vil tape forteneste på dette, har skapt ein del rabalder i media. Det er den såkalla investor-stat tvisteløysingsordninga, ISDS, som er tenkt å vere med i den nye generasjonen handelsavtalar, som møter motstand både her til lands og i utlandet. Både i bilaterale avtalar mellom to land, og i forhandlingane om megaavtalar av typen TTIP og TISA, er ISDS eit konflikttema.

Det har vist seg at slike ordningar lett kan misbrukast av mektige konsern, som er i stand til å presse særleg svake nasjonar til å droppe fornuftige lovendringar som for eks skal verne helse og miljø. Det klassiske eksempelet er tobakksgiganten Philip Morris som "kjeppjagar" Australia og andre land i slike utenomrettslege tribunal fordi landa vil innføre tiltak som reduserer tobakksrøyking. Eit anna grotesk eksempel er det Canada-baserte gruveselskapet Gabriel Resources som no saksøker Romania på liknande vis for å presse landet til, mot si vilje, å opne gullgruvedrift i eit sårbart natur- og jordbruksområde.

Risiko. Korleis kan den norske regjeringa gå inn for ei slik ordning som verkar så hinsides? Forklaringa ser ut til å ligge i at regjeringa berre vel å sjå på dei positive konsekvensane slike avtalar kan ha for den delen av norsk næringsliv som opererer i utlandet. Det er berre dette som er framheva i regjeringa sin argumentasjon for å ta med ei slik ISDS-ordning i den nye malen for bilaterale handelsavtalar som no er ute på høyring i nokre få veker midt på sommaren ... Ikkje eitt ord er nemnt frå regjeringa si side om at denne ordninga altså vil føre til at Norge vil stå overfor risikoen for å bli saksøkt av utanlandske konsern.

Konsern. Vi har ei regjering som er ekstremt pro-liberalistisk og oppteken av å lette forholda for dei store konserna som opererer i utlandet. Det faktum at slike konsern som for lengst er på børsen, etter kvart har ein «eigarstruktur» som gjer at dei har blitt nasjonslause, gjer at ein slik argumentasjon blir ganske så meiningslaus. Slike konsern manglar ofte totalt ein lojalitet som knyter dei til det landet der aktiviteten starta - lojaliteten ligg til dei ansiktslause aksjonærane.... Utallige eksempel viser korleis mange slike konsern for eks utnytter bruken av stråselskap og liknande for å lure seg unna skattlegging til sine tidlegare “heimland” og til dei landa der dei fortida har økonomisk aktivitet. "

TiSA-avtalen. Den pro-liberalistiske ideologien som regjeringa styrer etter, gjer at den kan prestere å komme med slike forslag som dei om nye bilaterale handelsavtalar. Dette er også grunnen til at den gjer sitt yttarste for å få Norge inn i den enorme frihandelsavtalen for tenester TISA, som no er under forhandling mellom femti land. Dersom vanleg folk visste kva konsekvensar denne politikken vil få, så ville aldri eit fleirtal i Stortinget kunne ratifisere TiSA-avtalen, og det aktuelle forslaget til bilaterale avtalar ville definitivt også blitt skrota. I skrivande stund er det no tre av partia på Stortinget som har sagt eit forpliktande nei til TiSA-avtalen. Det er SV, Sp og MDG. Det er merkeleg nok enno usikkert om Arbeidarpartiet bestemmer seg for å seie nei, og heller ikkje KrF og Venstre har tona flagg i denne ekstremt viktige saka. Rabalderet i media om denne politikken vil forhåpentlegvis berre vekse.

No comments:

Post a Comment