Oct 6, 2015

Investorvernavtalen TiSA - Demokrati på opphørssalg!


Foto: Nei til EU

Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.

Den 10. oktober vil eit trettitals organisasjonar demonstrere utanfor Stortinget mot frihandelsavtalen for tenester, TiSA, som Norge er med i forhandlingar om på tredje året. Ein protestdemonstrasjon det er all grunn til.


Det er nemleg stor fare for at Regjering og Storting sender oss inn i denne investorvernavtalen, som vil innebere eit styggare inngrep i den politiske sjølvråderetten enn det EØS-avtalen har ført med seg.

På kva måte er TiSA verre på dette området enn EØS? Ved at TiSA legg opp til å overføre makt, ikkje til ein politisk union, med i det minste eit påstått sosialt formål, men i staden til dei multinasjonale storselskapa som berre har interessene til sine ansiktslause aksjonærar som oppdrag.

Desse meir og meir nasjonslause storselskapa vil kraftig få styrka sin “forhandlingsposisjon” overfor nasjonale styresmakter på fleire måtar.

- Eksempelvis fordi avtalen vil innehalde ei tvisteløysingsording som gjer at eit land som måtte finne på å endre regelverk og lover slik at selskapa får redusert si inntjening, risikerer å bli saksøkt med store erstatningskrav i regi av utenomrettslege tribunal. Og dette også i tilfeller der slike lover har gode grunngjevingar. Sjølv om det ikkje er gitt at selskapa alltid får medhald i slike utenomrettslege tribunal, så er berre kostnadane ved slike rettssaker er så skremande at berre risikoen for dette virkar lammande på politiske styresmakter. (Dette finns det fleire eksempel på frå liknande avtalar).

- I tillegg legg denne avtalen opp til å gi desse utenlandske selskapa ein rett til innsyn i det som nasjonale og lokale styresmakter måtte ha av planar om politiske vedtak som kan påvirke selskapa si inntjening. Dette for at selskapa endå meir enn no skal kunne drive aktivt lobbyarbeid og påvirke den politiske prosessen for å fremme sine interesser. Eit hårreisande udemokratisk element, som tydeleg viser i kor stor grad det er investorinteressene som dikterer korleis avtalen skal sjå ut. I denne samanhengen er det relevant å minne om at ein av EU sine hovedforhandlarar har fortalt at EU sine forhandlingsposisjonar blir “kvalitetssikra” av dei europeiske storkonserna sin interesseorganisasjon, European Services Forum, ESF, medan andre interesser, inklusive dei folkevalde politikarane på parlamentsnivå, knappast anar kva som foregår i forhandlingane... (Michel Servoz, DG Trade’s lead services negotiator: “The positions of negotiation that we took, we verified them with ESF so that we could know whether it answered their need”). Dette er eigentleg ein heilt fantastisk situasjon, når vi veit at desse ”posisjonane” er ytterst ideologistyrde og dermed i høgste grad diskutable...

Eigentleg bør ingen trenge fleire eksempel på kva slags ideologi det er som ligg bak denne avtalen, ein ideologi som også dikterer korleis dei andre frihandelsavtalane som no er aktuelle blir utforma. Dei to regjeringspartia er, ikkje uventa, for TiSA-avtalen. Av partia på Stortinget er fylgjande mot: Sp, SV, og MDG.

Det bør undre fleire enn meg at ikkje eit par andre parti på Stortinget også seier nei til TiSA. Ein avtale som til overmål også blir vurdert av fleire til å vere negativ for sysselsettinga, trass i at både Børge Brende og leiinga i Arbeiderpartiet , uvisst på kva grunnlag, hevdar det motsette... Skremande mange av stortingsrepresentantane tar tydelegvis ikkje TiSA-avtalen på alvor, og demonstrerer at dei stoler altfor blindt på ein elite som igjen har tunnelsyn på storinvestorane sine interesser...

Det er sterkt å håpe at demonstrasjonen no laurdag den 10. oktober blir eit kraftfullt signal om at Norge bør halde seg langt unna TiSA-avtalen.

No comments:

Post a Comment