Apr 19, 2016

TiSA-avtalen sitt sanne - og grimme - ansikt.

Foto: Johanna Engen



















Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten. 



“Sjølve kjerna i dette er å overføre nasjonal sjølvråderett til eit verdensomspennande diktatur av internasjonale storselskap.”


“Sjølve kjerna i dette er å overføre nasjonal sjølvråderett til eit verdensomspennande diktatur av internasjonale storselskap.” Kven i alle dagar er det som brukar så store ord, og kva er det han snakkar om?!

Ja, eg skal meir enn gjerne gjere desse orda til mine, men det er faktisk parlamentsmedlem og tidlegare handels- og industriminister både under Margaret Thatcher og John Major, briten Peter Liley, som på denne måten no i april, omtala TTIP, handelsavtalen som EU og USA no forhandlar om.

Det som gjer at dette bør uroe også oss her i landet like sterkt som det uroar Peter Liley, er at denne demonteringa av politisk og demokratisk autoritet, også vil treffe oss. Både gjennom det faktum av Norge også vil merke effekten av TTIP sjølv om vi ikkje er med i forhandlingane om den avtalen, men først og fremst fordi “regjeringa har bestemt” at Norge skal forhandle om TiSA, ein avtale for handel med tenester, som er “kliss lik” TTIP, bortsett frå at TiSA gjeld eit vesentleg større område, og at den avtalen gjeld spesielt for alle former for tenester.

Også TiSA er uhyggeleg udemokratisk, både på måten avtalen blir framforhandla på mellom dei femti landa som er med, men også i si ekstreme målsetting om å sikre storinvestorane sine interesser gjennom vingeklipping av politiske styresmakter.

Dersom du ikkje trur at verken Peter Liley eller eg har grunn til å bruke så store ord om ein “skarve avtale om tenestehandel”, så kan eg vise kvifor dersom du brukar fem minutt på å lese resten av dette innlegget.

Det er ein del bråk i media om korrupsjon og skatteparadis-svindel. Dette er svært så TiSA-relevant fordi bank- og finanssektoren er slikt som TiSA skal omfatte. Mange har høyrt om at det i mange tiår har blitt jobba for å få til meir innsyn, transparency, i finanstransaksjonane til dei store internasjonale konserna, for ikkje minst å kome plyndringa av uland, t.d. gjennom bruk av skatteparadis, til livs. Organisasjonar som Transparency International, Publish What You Pay, og Attac, har internasjonalt jobba med dette i mange år.

Ikkje uventa har også TiSA-avtalen sitt avsnitt om “transparency”, altså innsyn. Det som er ekstremt avslørande for “kva slags folk det er” som skriv denne avtalen, er at det i det avsnittet IKKJE er snakk om å stille krav om innsyn i det storselskapa foretar seg. DERIMOT blir det kravd at storselskapa skal ha innsyn i det som politiske styresmakter har planar om når de gjeld lovreguleringar som kan påvirke profitten til desse utanlandske konserna. Det ligg også forslag om at styresmaktene skal måtte bevise at slike tiltak og reguleringar er nødvendige (“necessity test“), og at formålet ikkje kan oppnåast på andre måtar osv, osv. (TiSA sitt Transparency Annexe er å finne gjennom eit søk på nettet).

Det finns fleire eksempel som dette, men dette åleine børe vere tilstrekkeleg til å vise kva slags folk det er som står bak TiSA-avtalen. Kor uhyggeleg udemokratiske dei er. Norge bør derfor straks må kome seg ut av forhandlingane om denne avtalen (slik Uruguay og Paraguay gjorde i fjor). Påstandane frå “vente-å-sjå”-tilhengarane av avtalen, dei som hevdar at vi må vente på detaljane i ein ferdigforhandla avtale før vi tar debatten om avtalen, blir i alle fall for meg hengande i si eiga meiningsløyse. Vel vitande om at det då vil vere for seint å stanse dette udemokratiske svineriet.

No comments:

Post a Comment