Jul 3, 2016

TiSA-avtalen: Open konflikt mellom Europaparlamentet og EU-kommisjonen.



Dette er en gjesteblogg skrevet av Odd Tarberg. Tarberg er født i 1946 og har interessert seg for internasjonal økonomi siden tidlig på åttitallet. Han var aktiv med avisinnlegg mot MAI-avtalen som ble stanset i 1998 (Multilateral Agreement on Investment). MAI-avtalen lignet de avtalene som nå er under forhandling (TISA, TTIP og TPP). I tillegg harTarberg vært medlem av både franske og norske Attac siden starten.


Kommisjonen nektar å innfri klare krav frå Parlamentet knytta til frys- og skralleklausulane.

Det er organisasjonen Attac som gav meg tipset om denne konflikten som , ifylgje Trade reporter Joanna Sopinska i EU Trade Insight, blussa opp under eit møte den 30. juni. (Sjå evt denne linken)

Bakgrunnen er at Europaparlamentet i februar vedtok ein resolusjon om at frys- og skralleklausulane (standstill- og ratchet) skulle heilt ut av store deler av TiSA , investeringsvernavtalen for tenester. EU-kommisjonen avviser no bryskt dette kravet frå parlamentet.

EU sin sjefsforhandlar for TiSA, Christophe Kiener, påstod overfor EU-parlamentet sin Komite for internasjonal handel på møtet den 30. juni, at ”Dette ville bety slutten for TiSA”. Han hevda vidare at desse klausulane er ein ”viktig pilar i TiSA sin arkitektur”, og at det å avvise dei på dette stadiet i forhandlingane, ville ha svært negative konsekvensar for ambisjonane med avtalen, og sette forhandlingane på det næraste attende til start. EU-kommisjonen åtvarer også mot å gjere tydelegare unnatak i TiSA for offentlege tenester slik Europaparlamentet også har gått inn for. (Jfr den norske regjeringa si lemfeldige haldning til korleis dei offentlege tenestene vil bli påvirka av TiSA)

Europaparlamentet sin rapportør for TiSA, Viviane Reding, uttrykker skuffelse over denne steile haldninga frå EU-kommisjonen si side. Ikkje rart, ettersom det er ho som på vegne av Parlamentet, har presentert dei krava (red lines) som ho har hevda må vere innfridde før avtalen kan aksepterast politisk, men som no delvis ser ut til å ryke.
Denne skarpe avvisinga frå EU-kommisjonen i forhold til dei uttrykte krava frå Europaparlamentet, kjem på toppen av at EU-leiinga, i kjent udemokratisk og arogant stil, også har avvist at nasjonalforsamlingane i dei ulike EU-landa skal få uttale seg om ratifiseringa av CETA, ein TTIP-liknande avtale som er forhandla fram mellom Canada og EU.

Det gjenstår å sjå korleis EU-parlamentarikarane vil handtere denne øyrefiken dei no har fått frå EU-kommisjonen. Sjefsforhandlar Kiener gir eit ekstra uttrykkeleg eksempel på den arrogante, udemokratiske haldninga i EU-kommisjonen, når han seier dette: “I happen to operate under the negotiating mandate, which is in conflict with Parliament’s request”. (”Tilfeldigvis arbeider eg utfrå forhandlingsmandatet, som er i konflikt med Parlamentet sitt ynskje”).

Dei stadige utspela frå norsk UD som prøver å framstille norsk deltaking i TiSA-forhandlingane som heilt ukontroversielle, kjem på bakgrunn av konflikten i EU, i eit meir og meir underleg lys.

Den neste forhandlingsrunden for TiSA skal starte i Geneve den 8. juli.

Odd Tarberg,
otarberg@mimer.no
Ålesund

No comments:

Post a Comment