Aug 11, 2016

Når pengemakta trumfar stemmemakta



Dette er en kronikk av Mari Vold sekretær i Grønn Ungdom Sør Trøndelag. Kronikken ble først publisert på NRK Ytring.  

Er du interessert i at handelsselskap og pengesterke interesser skal undergrave makta til norske lover og politikarar? Ikkje? Då må du seie nei til TTIP.

Veit du kva den internasjonale handelsavtalen TTIP eigentleg går ut på? Det burde du. Fryktar du TTIP? Det burde du også. Iallfall om du ikkje er overhovud i eit digert, internasjonalt handelsselskap. Det handlar om makt og ansvar, og om kven som skal sitte med det. Det handlar om demokrati, og om kva din stemme skal vere verd i det landet du bur i. Det handlar om kva slags offer du må gjere, og kva slags verdiar du har.

Makta blir flytta

Vi har så mange pengar i Noreg, og så mykje fridom til å bruke pengane på det vi vil. Vi bur jo trass alt i eit demokrati! Men visste du at stemma din blir svakare av alle pengane? Eller, sagt på ein annan måte: Alle pengane dine gjer at det du kjøper utgjer ein sterkare stemme enn den stemma du gir frå seg ved eit Stortingsval. Pengestemma blir sterkare enn verdistemma, kan du seie.


“ Internasjonale handelsavtalar, som TTIP, er med på å flytte makta bort frå regjeringa, bort frå politikarane, bort frå din stemme (...)

Noreg er kjend som eit sterkt demokrati, men internasjonale handelsavtalar, som TTIP, er med på å flytte makta bort frå regjeringa, bort frå politikarane, bort frå din stemme, og over til handelsselskapa. Og du kan ikkje stemme over kven som skal vere sjef i handelsselskapa. I internasjonal handel er det éin ting som blir gjort, og det er det som er mest lønsamt. Ikkje det som er best for deg, for landet ditt, eller for verda globalt. Verdiar finst ikkje, om dei ikkje kan målast i pengar. Du er ikkje verd noko som menneske, berre som forbrukar. Dei einaste som har fordel av TTIP er dei største handelsselskapa, men dei lokkar deg med at du som individ skal få meir fridom og fleire val. Du får kanskje større utval i butikken, men til gjengjeld blir landet ditt misbrukt og undertrykt av pengemakta.

Politikarane mistar makt
Du kan altså ikkje berre tenke at pengestemma din skal erstatte verdistemma din. Da har du ikkje forstått kva tapet av ein verdistemme betyr. Det betyr til dømes at du ikkje kan vente at politikarane skal løyse miljøproblema for deg. Det får dei ikkje makt til. Du må gjere det sjølv, ved å bruke pengestemma til å styre forbruket ditt. Den største globale utfordringa vi står framfor er altså avhengig av dine personlege offer og din personlege innsats, basert på din vilje og din kunnskap.

Kjennest det som eit stort ansvar? Det er det. Men her har du det. Værsågod.

Du synst kanskje det er urettferdig at eg gir deg dette ansvaret, men slapp av, du deler det med alle andre vanlege forbrukarar. Ditt bidrag blir berre ein drope i havet. Du kan puste ut, og leve som før. Nei, vent! Vi veit kva som skjer om alle tenkjer sånn: Ingenting, og problema held fram som før.

Eg klandrar deg ikkje. Det er for mykje å forlange av enkeltindivid som deg og meg at vi allveg skal vite kva som er best å gjere, og allveg gjere det beste. Det skal vere nok å bruke stemmeretten, følgje lova og leve eit normalt liv. Ikkje minst skal det vere lov å slappe av litt. Da må politikarane ta ansvaret og makta som dei har fått frå oss. Men no er dei i ferd med å gi det frå seg, ved å forville seg inn i TTIP.

Med TTIP vil handelsselskapa kunne saksøke landet ditt om dei ikkje får gjere som dei vil på grunn av norsk lov. Den lova som du har stemt fram. Da kan Staten måtte betale erstatning til selskapet som straff for å følgje eigen lov. Erstatning, det er norske skattepengar, det.


“ Med TTIP vil handelsselskapa kunne saksøke landet ditt om dei ikkje får gjere som dei vil på grunn av norsk lov.

Har gitt konkrete utslag
Det finst allereie TTIP-liknande avtalar mellom ulike land. Det viser seg at dersom erstatningssummen eit selskap ber om blir stor nok, kan landet rett og slett måtte la selskapet gjere som det vil, fordi landet ikkje har råd til å betale straffa. I Guatemala, der ureining frå ei gullgruve førte til helse- og miljøproblem lokalt, lét myndigheitene drifta fortsette, truleg på grunn av trugselen om søksmål og store erstatningssummar frå selskapet som eigde gruva. Den eigentlege prisen, den som ikkje kan målast i pengar, den er det lokalbefolkninga som betaler.

Eit anna døme på at pengemakta gir blanke i folket sitt ve og vel har vi frå Egypt, som ville auke minstelønna og dermed vart saksøkt av Veolia. Dette er elementære ting som ein stat skal ha råderett over, utan innblanding eller press utanfrå. Men handelsselskapa vil berre trygge investeringane sine, til og med om det betyr at staten ikkje lenger kan trygge folket sitt.

“ Det er no vi må seie frå. Du kan ringe eller skrive om ditt syn til dei som forhandlar, og til regjeringa di.

Sei nei til TTIP!
Demokratiet vårt er avhengig av at verdistemma har tyngde, og vi kan ikkje akseptere at den bli redusert av nokon som ikkje har våre interesser i tankane. Våre interesser blir ikkje med i forhandlingane, fordi Noreg ikkje er med i EU. Likevel må vi ta konsekvensane, gjennom handelsavtalen vi allereie er ein del av, EØS. Med mindre vi bestemmer oss for at TTIP ikkje skal gjelde i vårt land. Og JA, det kan vi bestemme!

Det er no vi må seie frå. Du kan ringe eller skrive om ditt syn til dei som forhandlar, og til regjeringa di. Du kan bli med i ein organisasjon som jobbar mot TTIP, som Attac, eller eit politisk parti, som MDG. Du kan gå i demonstrasjonstog, signere underskriftskampanjar, og ikkje minst delta i debatten.

Kvart bidrag teller. For at verdiane dine ikkje skal gå tapt: Sei nei til TTIP!

No comments:

Post a Comment